0 ©
0 ©
0 ©
7 ©
3 ©
0 ©

Nordfjordeid - midt i Nordfjord

På Nordfjordeid møtest E39 mellom Bergen og Trondheim og Riksveg 15 mellom Måløy og Oslo. Dette gjer Nordfjordeid til ein av dei mest sentralt plasserte stadene på Vestlandet, midt i Nordfjord og midt i ein større region som omfattar delar av Sunnmøre og Sunnfjord. Innan eit par timars køyring dekkjer ein byar som Ålesund og Førde, fleire flyplassar og eit kjempestort befolkningsgrunnlag. Nordfjordeid er eit glimrande utgangspunkt for dei kjende turistmåla Hoddevika (surfing), Loen (gondolbana Hoven) Bremanger (Grotlesanden), Selje (Selja kloster), Kjerringa (Vestkapp-platået), Vågsøy (Kråkenes fyr) og fleire andre.  Sjå Visit Nordfjord.

Turistinformasjon

Turistinformasjonen på Nordfjordeid ligg i Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata. Sjå kart. I Selje finn du turistinformasjonen i 1. etg. i kommunehuset.

Det er mykje å oppleve i kommunen. Her har vore busett folk i fleire tusen år, og særleg i Nordfjordeid sentrum kan du enno sjå konturane av livet som det var for 1000 år sidan. Gravhaugen Rundehogjen på Myklebust ligg der som den gjorde for meir enn 1200 år sidan, og på Selja finn du ruinane etter Benediktinerklosteret som har stått der i ca 900 år.

Den merka Sagaløypa tek deg gjennom ein del av historie frå tida då her var sete for småkongen på Myklebust og som vart brent her saman med skipet sitt på slutten av 800-talet. «Rundehogjen» vart opna tidleg på 1900-talet, og restane av skipet er det som var grunnlaget for rekonstrueringa av Myklebustskipet og etableringa av Sagastad. Her finn du opningstidene for Sagastad.

Den gamle eksersisplassen Malakoff ligg i dag som ein idyllisk park, men på 1800 og 1900-talet var dette staden for stor militær aktivitet. Her låg landets eldste eksersisplass, og du kan lett forstille deg livet på eksis når du står i parkområdet. Her er bygningar frå 1700-talet, og i Jektehola der eidakvinnene vaske kleda til dei som var på eksis, er no i dag ein flott stad for rekreasjon.

I Nordfjordeid sentrum ligg den verneverdige Eidsgata. Gata er i Riksantikvaren sitt register over tettstader med nasjonal verdi, og eidarane er stolte av og tek vare på husa i gata. Ei vandring i gata tek deg tilbake til farne tider; husa i den eldste delen av gata er frå siste del av 1800-talet og tidleg 1900-talet.

Kyrkjene i Eid er nokre av Eid kommune sine viktigaste kulturminne. Både Stårheim kyrkje og Eid kyrkje har røter tilbake til tidleg mellomalder. Eid kyrkje som er rikt dekorert under leiing av målaren Lars Kinsarvik. Kyrkja er open på sommartid.

Holmøy arbeidsskule som vart skipa i 1858 og nedlagt i 1972, er eit flott museum frå tida den var ein av landets eldste yrkesskular - i tillegg er her gjenstandar samla over tid. Er vel verdt eit besøk.

Salmediktaren Matias Orheim var frå Stårheim, og i tunet der han vaks opp er det etablert eit museum som fortel om tida hans som forkynnar og folketalar. Kontakt http://www.orheimstunet.no/ for omvising.

Stad kommune er eit eldorado for fotturistane, og det er gjeve ut ei eiga turbok for tidlegare Eid kommune som i detalj tek deg med på eit stort tal flotte naturopplevingar opp på fjell og innover dalar. Fleire stader er det tilrettelagt aktivitetar for heile familien både sommar og vinter. Kontakt turistinformasjonane for meir informasjon.

Noregs nasjonalsymbol – Fjordhesten, har sitt senter her på Nordfjordeid. Her har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886. Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert. Her kan du møte Fjordhesten og kanskje ta ein ridetur ut i marka.