Stad kommune tek personvernet ditt på alvor!

Ingen personlege data vert samla inn på nettstaden Eid Inviterer (kanonisk representert gjennom eidinviterer.no og, nordfjordeid.no).

 

Desse opplysningane vert samla inn

Anonymisert IP-adresse
Klokkeslett og dato for vitjinga, både hjå nettlesar og sørvar
Adressa og tittelen til sida som vert vitja
Adressa frå sida som lenkja til sida
Skjermoppløysing
Filer som har vorte klikka på og lasta ned
Eksterne lenkjer som vert klikka på
Lastingstida på sida
Installert språk i nettlesaren
Type nettlesar og versjon

 

Formålet med datainnsamlinga

Informasjonen vert samla med det formålet å gje utviklarane av nettstaden grunnlag for å forbetre visningane til brukarbasen over tid. Den skal òg gje eigar av nettstaden (Stad kommune) innsikt i besøkstrafikken. 

 

Generell informasjon

Stad kommune har delegert behandlingsansvaret for data i høve nettstaden Eid Inviterer til Veir AS.

Opplysningane vert ikkje delt med tredjepartar.

Besøksloggane har ein utgangsdato på 180 dagar.

Opplysningane vert innhenta gjennom informasjonskapslar i nettlesaren din og på sørvaren. 

Opplysningane er kryptert gjennom krypteringsprotokollen TLS (Transport Layer Security).

Deling av denne informasjonen er frivillig og nettstaden respekterer ev. deaktivering av sporing i nettlesaren din.

 

Endringar i personvernerklæringa

Dersom denne personvernerklæringa endrar seg på nokon måte, vil det verte reflektert på denne sida. Besøk sida regelmessig for å alltid vere opplyst om kva informasjon som vert samla, korleis den vert brukt og under kva omstende (om nokon) den vil verte delt med ev. tredjepartar.

Sist oppdatert: 3. januar 2019