Fakta om kulturløypa - Sagaløypa
Dette er ein flott tur som tar deg med gjennom Nordfjordeid si kulturhistorie. Ved enden av denne kulturløypa kjem du til Lunden, ei lita høgde med utsikt over landskapet rundt Nordfjordeid.
Frå start til slutt er løypa om lag 1,5 km i lett terreng. I tillegg kjem retur til start, og her er det fleire alternativ å velje mellom. Via QR-koden kjem du inn på nettsida til Sagaløypa, der du finn kartet over løypa med utfyllande informasjon og lydfiler.