Gjennom eksersisplassen si 300 årige historie, er nok oberst Holtermann den mest kjende sjef for avdelingane som øvde her. Oberst Holtermann var sjef for Fjordenes bataljon i perioden 1895-1901, og var den som stod i front og utvikla Fjordenes bataljon til ei eliteavdeling i nasjonal samanheng. Saman med sine offiserar la han grunnlaget for den militære glanstida på Nordfjordeid, som varte fram til ca.1913.
Oberst Holtermann var også den som la premissane for utvikling av både skyteferdigheter og opptrening i feltmanøver. Han oppretta fleire nye skytebaner (sjå oversiktsbilde) og tok i bruk store deler av utmarksområda rundt sentrum til feltøving (sjå kart, der raude piler viser dei ulike øvingsområda).
Foto: Eksersisplassen ca. 1927. Her låg den fyrste skytebana frå gamal tid, med standplass litt til høgre for midten i bildet og blinkane plassert ved sjøen.
Foto: Oversikt frå Stovehogjen på Skipenes ca. 1895. Her oppretta Holtermann ny skytebane med skyteavstand på 600m.
Hæren innførte på denne tid (1896/97) Krag Jørgensen som våpen. Det vart kraftigare ammunisjon og rettare kulebane. Ei historie fortel at ei kvige på Taklo (i venstre biledkant), vart drepen av rikosjett under skyting frå Stovehogjen. Det var dette som i år 1900 førte til etablering av endå ei ny skytebane, denne gong på Vårsetra. Denne bana var i bruk til mot slutten av 1950-åra. Bilda til høgre, er frå denne bana i 1931 og 2017. Jernblinken ved sida av denne tavla er henta frå skytebana på Vårsetra.
Ei fjerde skytebane hadde standplass om lag der inngangspartiet ved Nordfjord hotell er i dag. Her var det 3 ulike hold mot sør (sjå oversiktsbilde). Denne bana var i bruk av tyske soldatar under krigen.
Malakoff er namnet på høgdedraget frå Jektehola, langs elva mot Skipenes. Namnet skriv seg frå Krimkrigen 1853/56, der russiske styrkar ved Fort Malakoff i byen Sevastopol vart beleira av franske og britiske avdelingar. Denne beleiringa er omtala som ei av moderne krigshistories mest kjende.
Det er med stor sikkerhet vi kan tilkjenne oberst Holtermann æra for namnet «Malakoff» her på Nordfjordeid. Før Holtermann kom til Eid, var han m.a. lærar i krigshistorie og instruktør i taktikk ved Krigsskulen i Kristiania/Oslo. At han nytta området ved elva til øving i beleiringskrigføring er rimeleg sikkert, og namnet på området sa seg då sjølv. Det måtte bli «Malakoff».
Frå militær øvingsplass/eksersisplass Ca. 1682 – 1976
To av dei mest markante offiserane frå eksersisplassen si glanstid, i tillegg til oberst Holtermann, er krigskommisær John Myklebust og musikkfanejunker Samuel Kjøsnes. Begge desse hadde stor betydning for samfunnsutviklinga både på Nordfjordeid og bygdene rundt. Kaptein Myklebust var kompanisjef for rekruttane (læreturen). Seinare vart han major og utnemnd til krigskommisær for Nord-Vestlandet.
I det sivile var han m.a. bonde, forretningsmann, politikar og samfunnsbyggar. Spesielt innan skule-vesenet gjorde han mykje, med etablering av middelskule/realskule, fylkesskule/folkehøgskule og gymnas.Han var ordførar i til saman 19 år, og gjorde mykje for bygda, både innan infrastruktur og bedrifts-etablering.
Fanejunker Kjøsnes kom til Nordfjordeid i 1887 og vart sjef for bataljonsmusikken (Kjøsnes-musikken), til denne vart lagt ned i 1913. Bataljonsmusikken var med og løfta soldatane si marsjering og plasseksersis til nye høgder, og gjorde sitt til at soldatane frå Fjordane bataljon var i ei klasse for seg. Fanejunker Kjøsnes var ein god inspirator. Mange av musikarane han tok inn i bataljonsmusikken starta seinare korps i sine heimbygder.
Etter nedlegginga av bataljonsmusikken tok Kjøsnes initiativ til å starte Eid musikklag.
Til kulturell arena
I 1976 tok Eid kommune over «Plassen» frå Forsvaret. Den har seinare vore brukt til idrett- og kulturarena. Kvart år er dette samlingsplass og endestasjon for folketoget på 17. mai. På «Plassen» er det laga eit utandørs amfi, og området her vart i år 2000 valgt til 1000-års staden for Eid kommune.
Frå 2003 har «Plassen» vore arena for det årlege «Malakoff Rockfestival» med artistar frå inn- og utland. Det heile starta som elevbedrift av 3 initiativrike elevar ved Eid vidaregåande skule. Eit fantastisk, frivillige hjelpeapparat av enkeltpersonar, lag og organisasjonar er avgjerande for gjennomføringa.
I 2005 fekk vi sogespelet «Elskhug og Eksis», eit spel som tar oss tilbake til 17.mai 1895. Kaptein Myklebust er ein sentral skikkelse, her tolka av Erlend Ona Gjul. Dette historiske spelet vert vist kvart 2.år, og er kanskje eit av landets største utandørs barne- og ungdomsspel, med meir enn 100 aktørar. I dette spelet er «Kjøsnesmusikken» òg på plass, men i dag i regi av Eid musikklag.