Fakta om kulturløypa Hogaråsa
Denne kulturløypa tek deg frå den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid til skytebana soldatane brukte på Vårsetra. Kulturløypa er ein av dei to vegane dei brukte på veg til skytebana, og går via den freda Hogaråsa som er tidfesta til ca år 1500, men som mest truleg er endå eldre.
I tillegg til Hogaråsa, er det på kartet teikna inn ein annan veg som soldatane også brukte opp til Vårsetra. Denne går opp Høgebakkane og vidare stien langs elva (Elvavegen) til skytebana.
Her kan du lese meir om Eksersisplassen.
God tur!