Sagaløypa - 4 - Kongegrav i Nordfjord

Her på marka ligg gravhaugen Rundehogjen frå siste del av 800-talet. Inne i den imponerande gravhaugen var det restar av eit brent vikingskip. Skipsgraver frå 800-talet er tolka som kongelege graver. Den gravlagde må ha vore kong Audbjørn, konge i Firdafylket. Han fall i slag på Nordmøre mot kong Harald Hårfagre.

Kongeleg gravferd i vikingskipet

Mannen som var i trettiåra, fekk med seg utstyr og mange kostbare saker til det neste livet, slik det sømde seg ein konge. Det var også våpen, hundar og hestar i skipet, og alt vart brent på likbålet. «Med dei tinga som blei lagt på bålet, skulle den brende komme til Valhall», heitte det i norrøn tru.

Gravhaugen blei utgraven i 1874. Eit vidt og mektig trekollag spekka med jernsaker, store klinkenaglar, spikar og delar av skjold, var det som var att av skipet. Myklebustskipet må ha vore om lag 30 meter langt og i så fall det største vi kjenner til. Over trekollaget vart det bygt ein stor gravhaug. Rundt haugen gjekk ei nærare fire meter brei grøft og med to jordvollar over til haugen.

Det sjeldne irske hengekaret

Mesteparten av gjenstandane blei sterkt skadde eller øydelagde av likbålet. Eit sjeldsynt bronsekar er bevart. Det var fylt med brende bein, spelebrikker og oske og sett ned i kollaget etter brenninga. Karet var laga i Irland eller i irsk kloster eller verkstad i England og teke heim etter ei vikingferd. Det har emaljedekor i botnen og tre hankefeste, forma som mannsfigurar. Same type hengekar er kjent frå anglosaksiske graver i England.

Makt og symbol til ei mektig slekt

I vikingtida var det sterk strid om politisk makt. Høvdingar i indre Nordfjord hadde rivalisert om makt og landområde over lang tid i eldre jernalder. Seinare i yngre jernalder etablerte det seg eit småkongesete her på Eid.

Her var gode, naturlege føresetnader for strategisk maktkonsentrasjon. Det var vidt og lettdyrka jordbruksland som kunne livberge mange og gode husdyrbeite i lier og fjell. Det var heller lett å ta seg fram over land og kort avstand ut til kysten som var den tids hovudveg.

Rundehogjen med vikingskipet var ein av fem store gravhaugar her på Myklebust. Han låg nær gardstunet og kongesetet. Store gravhaugar var eitt av fleire symbol på politisk makt i heidensk tid.

Bygging av kyrkjer vart seinare eit anna viktig symbol knytt til stormannsgardar. Rett etter vikingtida, i tidleg kristen tid, vart det bygd kyrkje på Myklebustgarden.