Sagaløypa - 2 - Kyrkjestaden Eid

Her har det stått kyrkje sidan mellomalderen. Mange kyrkjer har avløyst kvarandre fram gjennom tidene. På Eid slik som andre stader, var det vanleg å bygge ny kyrkje der den gamle stod.

Kristninga av Nordfjord

Nordfjordingane vart kristna då Olav Tryggvason (konge i Noreg 995–1000) i 997 lyste ut ting for fire fylke på Dragseidet på Stadlandet. Bøndene møtte til ting, medan Olav Tryggvason møtte med ein hær. Bøndene fekk valet om å la seg døype eller møtast til slag. Då hæren til Olav Tryggvason var overveldande, valde dei å la seg døype.

Dei eldste kyrkjene

Den eldste kyrkja var ei stavkyrkje, plassert vest for tunet på garden Myklebust. Truleg vart ho sett opp allereie på 1000-tallet. Kyrkja er først nemnd i skriftlege kjelder i 1322. Ho var vigd til Maria møy og kalla St. Mariakyrkje, og omtala som velutstyrt. Ei segn seier at bygningane i tunet brann, kan hende brann også kyrkja.

På 1400-talet vart kyrkja omtala som stavkyrkja på Mel, som ligg like nord for dagens kyrkje.

Kyrkjene på 1600-talet

Det vart bygd ei ny kyrkje på 1600-talet. Denne var lafta og plassert på Myklebust. Tidleg på 1600-talet var kyrkja omtala som fin. Det var ei tømra korskyrkje med kor, våpenhus og tårn. Denne kyrkja brann i 1689.

Etter brannen vart ei ny korsforma kyrkje bygd på same staden. Ho vart vigsla i 1692. På denne tida var Eid hovudkyrkje i eit prestegjeld som også omfatta Hornindal, Stårheim, Ålfoten, Davik og Rugsund.

Dagens kyrkje

Med aukande folketal vart det behov for ei større kyrkje. Det vart bygd ei langkyrkje ved sida av den gamle korskyrkja. Langkyrkja vart ferdig i 1849, og etterpå vart korskyrkja riven.

Langkyrkja som framleis står her i dag er den største i Nordfjord med plass til 750 menneske. Innvendig er kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling i «dragestil», noko som vart gjort under leiing av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik i 1915.

Tidendesteinen

Før 1814 var det vanleg at presten las offentlege kunngjeringar på vigsla jord. I 1814 kom det ei lov som forbaud dette. Tidendesteinen vart etablert utanfor kyrkjegarden, og lensmannen tok over rolla med å kunngjere siste nytt.