Militær parade, omlag 1900
Militær parade, omlag 1900 - 0 ©
Nordfjordeid frå Stovehåjen
Nordfjordeid frå Stovehåjen - 0 ©
0 ©

Hogaråsa - 2 - Vårsetra skytebane

Skytebaner og øvingsområde ved Eksersisplassen på Nordfjordeid

Gjennom eksersisplassen si 300 årige historie, er nok oberst Holtermann den mest kjende sjef for avdelingane som øvde her. Han var også den som stod i front, og utvikla Fjordenes bataljon til ei eliteavdeling i nasjonal samanheng. Denne glanstida for avdelingane på Nordfjordeid, var i perioden 1895-1913. Oberst Holtermann var også den som la premissane for utvikling av både skyteferdigheter og opptrening i feltmanøver. Han oppretta fleire nye skytebaner (sjå oversiktsbilde) og tok i bruk store deler av utmarksområda rundt sentrum til feltøving (sjå kart, der raude piler viser dei ulike øvingsområda). Hæren innførte på denne tida (1896/97) Krag Jørgensen som våpen. Det vart kraftigare ammunisjon og rettare kulebane. Ei historie fortel, at ei kvige på Taklo vart drepen av rikosjett, under skyting frå Stovehogjen på Skipenes.

Det var dette som i år 1900 førte til etablering av endå ei ny skytebane, denne gong her på Vårsetra. Denne bana, som ligg i terrenget nedanfor vegen til Utsikten, var i bruk til mot slutten av 1950-åra. Bildet øverst til venstre, er frå 1931. Dei tre bilda øverst er frå 2017, av anvisargrava og dei oppmura enkeltmanns-standplassane. Desse ligg litt vest for vegen opp til denne tavla. Det var også ein standplass lenger aust på setrevollen. Anvisargrava ligg nedanfor vegen, ca.100m vidare mot Utsikten. Bana vart i utgangspunktet bygd med 12 blinkar. Desse var laga av jern, og vart kalka før kvar skyting for å sjå treffpunkt. Ein av desse blinkane står no mellom husa på eksersisplassen. Seinare vart antal blinkar redusert til 9 av sikkerhetsgrunnar, og ein gjekk etter kvart over til pappblinkar.